UTSTILLING - KULKUKALA
fös 23. okt 2026 16:00
Kunstnarar: Benedict Beldam, Eili Bråstad, Åsne Eldøy & Sylvia Henriksen.
Opning: Fredag 23. oktober kl. 16.
Kulkukala er det kvenske ordet for vandrefisk. Det sikter til fisk som rørar seg mellom salt- og ferskvatn, og vitnar om ei stor tilpasningsevne, fleksibilitet og navigering mellom ulike element og omgjevnadar.
Utstillinga Kulkukala, ein del av Kväänifästi Peruna / Kvenfest Bergen, nyttar vandrefisken som bilete på det kvenske folket og på kystlinja som knytt oss saman frå nord til syd. Kulkukala føregår i Laugaren, ein flytande, arkitektonisk sauna fortøyd ved USF Verftet.
Gjennom verk av dei fire kunstnarane Benedict Beldam, Eili Bråstad, Åsne Eldøy og Sylvia Henriksen, møter vi kunst som på ulikt vis forheld seg til det kvenske, til identitet og historie. Fleire av verka viser til det flytande, og korleis både livet og verda sjeldan er èin, statisk form.
Gratis inngang.
Velkomen til ei utstilling som er både på land og på vatn!
Opnar fredag 23. oktober kl. 16–17.
Opningstider: fredag kl. 16–17 og laurdag kl. 14–15.30.
På sundag kl. 15 vert det Poetisk Sauna i samarbeid med Female Minority Voices, med dikt av M. Seppola Simonsen som utgangspunkt. Meir om dette i eiga hending, billettsalg.