Rekrutteringsseminar

Rekrutteringsseminar

lau 21. nóv 2026 09:00

Velkommen til FolkOrg sitt rekrutteringsseminar laurdag 21. november kl. 10.00 under Folkelarm!

Sidan 2017 har FolkOrg vore så heldige å samarbeide med Dextra Musica. Samarbeidet har gitt FolkOrg moglegheit til å støtte opp om mykje av det gode rekrutteringsarbeidet som skjer i folkemusikk- og folkedansmiljø over heile landet.

I samband med Folkelarm inviterer FolkOrg til seminar om rekruttering innan folkemusikk og folkedans 21. november kl.10.00 - 12.00 på Riksscena. Seminaret skal vere ein møteplass for alle som arbeider med eller er interesserte i rekruttering. Målet er å dele erfaringar frå ulike prosjekt, inspirere kvarandre og gi deltakarane nye idear og verktøy til rekrutteringsarbeidet i eigne lokalmiljø.

På seminaret får vi presentasjonar frå ulike rekrutteringsprosjekt som har fått støtte gjennom Dextra Musica, meir informasjon kjem seinare. Gro Marie Svidal frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) vil fortelje om samarbeidet mellom Sff og Norsk kulturskoleråd. Live Visdal frå FolkOrg vil presentere den nye tildelinga for perioden 2027–2029 og fortelje om prioriteringane i den kommande utlysinga av rekrutteringsmidlar.

Seminaret er gratis.

Det vert servering av kaffi, te og lunsj.

Seminaret er finansiert av Dextra Musica og Sparebankstiftelsen DNB.

Her kan du melde deg på seminaret: https://www.folkelarm.no/rekrutteringsseminar.6753709-569622.html

Her kan du lese om programmet på Folkelarm: https://www.folkelarm.no/full-program.569620.no.html

For spørsmål, ta gjerne kontakt:

Live Visdal

Rådgjevar i FolkOrg

live@folkorg.no

tlf. +47 974 15 515

Foto:

Landskappleiken på Hovden 2026 - Hugnadheim halling, lagdans junior.

Runhild Heggem

Flytjendur